Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Statens vegvesen - Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Krossøy og Krågøy, Kvitsøy kommune

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens vegvesen Region vest om løyve etter forureiningslova § 11 jf. § 16. Søknaden gjelder to større utfyllingar i sjø ved Krossøy og Krågøy. Søknaden omfattar utfylling av ca. 2,8 million m3 sprengsteinmassar. Tiltak vil røra eit samle sjøbotnareal på ca. 207 000 m2. Føremålet med tiltak er å etablere ny vegtrasé frå i dagen på Krossøy i forbindelse med E39 Rogfast og utfylt areal på Krågøy er regulert til næringsområde og friområde.

Søknaden vil bli lagd ut til høyring i Kvitsøy kommune, Kommunehuset, Kommunehusveien 6, 4180 Kvitsøy, og på Fylkesmannen i Rogaland sine nettsider www.fylkesmannen.no/rogaland under «Miljø og klima» og «Høyringar».

Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innan 6 veker frå utleggingstidspunktet.

Høyringa ligg ute på nettsida til Fylkesmannen i Rogaland:
https://www.fylkesmannen.no/nb/Rogaland/Hoyringar/Soknad-om-utfylling-i-sjo-ved-Krossoy-og-Kragoy-i-Kvitsoy-kommune/

Kontakt

  • Kvitsøy kommune
  • Kommunehusvn. 6
  • 4180 Kvitsøy
Telefon
+47 51 73 63 00
E-post
post@kvitsoy.kommune.no
Org.nr
964 979 634

 

Viktige telefonnummer

  • Brann - 110
  • Politi - 112
  • Øyeblikkelig medisinsk nødhjelp - 113
  • Legevakt - 116117
  • Veterinærvakt
    Se info