Ei krise er nesten alltid ei kommunikasjonsutfordring, dette gjeld og korona-pandemien som me har levd med i halvanna år. Kommunen har prøvd å nå ut med informasjon om smitteverntiltak, endringar i kommunale tilbod, lokale forskrifter og så vidare.
Nå er Kvitsøy kommune, saman med Bokn kommune, i gang med å evaluera delar av innsatsen under pandemien. Noko av det ein skal evaluera, er informasjonsarbeidet og kommunikasjonen med innbyggarane, næringslivet, og lag og foreiningar.
Me som arbeider i kommunen kan jo ha oppfatningar om korleis det har gått så langt, men det er og viktig å få høyra kva «folk flest» meiner. Derfor har me utarbeidd eit enkelt spørjeskjema som me håper mange vil svara på. Det tar omtrent 3-4 minutt å svare på spørsmåla.
Trykk her for å komme til skjemaet